Eg kan

Eg skriv ikkje fint, og eg les ikkje fort,
Så meg er det lett nok å terge.
Men gjeld det å springe av stad som ein hjort
å dukke i elva
å klatre…

Jau, det kan eg greie, ja det går nok an
om nokon vil seie dei trur at eg kan!
Eg somlar og rotar, sit aldri i fred,
eg får nok aldri ferdig ei lekse.
Men gjeld det å lokka ei mor til å le,
ein hund til å danse,
ein blom til å vekse…

Jau, det kan eg greie, ja det går nok an
om nokon vil seie dei trur at eg kan!
Eg greier mest aldri å fanga ein ball,
eg spring nok, men stega er tunge.
Men gjeld det å stella ein hest i ein stall,
ein sjuk i ei seng
og ein ørliten unge…

Jau, det kan eg greie, ja det går nok an
om nokon vil seie dei trur at eg kan!

Ingvar Moe